Lærlingane våre
GBS har for tida tre lærlingar i arbeid:
- Stian er lærling i betongfaget og har vært med oss sidan sommaren 2019. Han har vært om lag eitt år i Herand og bygd kraftverk, før han no i sommarhalvåret har bygd trafocelle, i haust har han bygd nytt inntak til eitt elvekraftverk og no er han i Etne ved Håfoss kraftverk.
- Mari er også lærling i betongfaget og byrja hjå oss før sommaren i år. Ho har vært med å bygga kraftverk både i Herand og Strandebarm, og er for tida lokalt på tomtejobbar i Kvam.
- Sondre er lærling i maskinførarfaget og byrja hjå oss før sommaren i år. Han har heile vegen vore i Etne ved Håfoss kraftverk.
Som arbeidsgivar er det både kjekt og verdifullt å ha med seg flinke lærlingar!