Me søkjer folk:

Prosjekt- / Anleggsleiar

Grunna god ordretilgang søkjer
GBS Entreprenør AS etter prosjekt-/anleggsleiar.

Me ynskjer at du har utdanning som bygg-/anleggsingeniør eller tilsvarande, med nokre års erfaring frå bygg og anlegg, og at du bur i Kvam eller nabokommune.

GBS held til i Øystese, Kvam herad. Me utfører oppdrag lokalt, samt anleggsprosjekt innom Vestland fylke.
Noko reising (vekependling) må påreknast. GBS utfører grunn og betongarbeid for
bustadbygging, feltutbygging, kraftverk, kaianlegg, vegar, bruer, vatn og avlaup m.m.

GBS utfører årleg oppdrag for om lag 100 mill og me har 35 flinke medarbeidarar i firmaet. GBS (Grunn, Betong og Stein Entreprenør AS) vart stifta i 1996 og me feirar 25 års drift inneverande år.

Lønn og tiltreding etter avtale. Dersom dette verkar interessant,
kan du kontakta eller senda søknad til dagleg leiar Bjørn Øyri: 91 30 42 70 // bjorn@gbs-entreprenor.no

Søknadsfrist: 22. februar 2021.

© Kopirett - GBS Entreprenør. Levert av Bukken.no