Nyheiter

Damarbeid:

Rehabilitering av dam:
GBS skal dei kommande månadane rehabiltera ein dam der det ikkje er tilkomstveg og maskiner og utstyr må forflyttast med båt og flåte.

 

Jobb hjå oss:

GBS Entreprenør søker folk:
GBS har i dag ein erfaren og dyktig arbeidsstokk. Me har som mål å væra ein sterk aktør i vår marknad. For å behalda dagens kapasitet og samstundes kunna takla vekst, treng me påfyll av flinke folk. Er du maskinførar med erfaring som me treng, så tek du kontakt med oss per mail: post@gbs-entreprenor.no

 

Sjoaskår fleirhusvære i Øystese:

Prosjektert fleirshusvære med 17 husvære er no til sals:
Meir informasjon finn du hjå Bratt AS – Sjoaskår

 

Torebøen bustadfelt i Øystese:

Nytt bustadfelt, Øystese:

GBS skal stå for grunnarbeidet ved utbygginga av eitt nytt bustadfelt i Øystese. Bustadfeltet inneheld 11 bustadstomter og 5 kjedehusprosjekt i varierande storleik. Oversikta over kva som er ledig av bustadtomter og kjedehus er oppdatert 26.juni 2017.
Meir informasjon finn du hjå Kvammabygg – Torebøen bustadfelt og Kvammabygg – Torebøen kjedehus

 

Sal av stein frå Haukeli:

Haukeli steinuttak, Øystese:

GBS ynskjer å opna for større sal av stein i frå vårt steinuttak i Øystese, Haukeli. Steinane i albumet er eksempel på kva me kan tilby, og me har fleire storleikar tilgjengeleg enn det som er avbilda. Djupna på steinane er frå 5 cm til 2,5 meter. Ta kontakt om du finn noko av interesse eller om me kan hjelpa deg finna steinen du ynskjer.

 

Utval av aktive arbeid :

Kvammapakken, Skipadalen til Evighetssvingen. Byggherre er Statens vegvesen.

GBS utfører arbeid på Fv 7 mellom Norheimsund og Skipadalen. Det skal byggast ny gang og sykkelveg, samt avkøyrsler. Veglengde ca 1,4 km.

 

Utval av arbeid utført i 2016 :

Torpevegen, veg og VA-anlegg i Øystese. Byggherre er Kvam herad.

GBS utfører arbeid med utviding av Torpevegen, samt bygging av nye VA leidningar. Det blir bygd ny vassforsyning og avløp til Torpe. I tillegg blir den smale vegen utvida til vegbredde på 5 meter. Arbeidet skal vere ferdig utført juni 2016.

 

Nye barnehagebygg i Kvam. Byggherre er Kvam herad.
Det lokale arbeidsfelleskapet Fuglafjell, sett saman av GBS Entreprenør AS, H2 Byggteknikk AS, Kvammabygg AS og Kåre Neteland, utfører arbeid med bygging av 4 nye barnehagar i Kvam. Barnehagane blir bygd i Tørvikbygd, Øystese, Norheimsund og Strandebarm. GBS utfører grunn, betongarbeid og utomhusarbeider.  Arbeidet sikrar oss arbeid lokalt i ca 1 år.

 

Tverrgjuvlo Kraftverk i Evanger. Byggherre var BKK.
Me har utført grunn- og betongarbeid på Tvergjuvlo Kraftverk, Evanger. Vinteren 2016 monterte me røyrgate i tunell frå borhol til kraftsasjonen. Anlegget vart opna september 2016.

 

 

Utval av arbeid utført i 2015 :

Sekkelva minikraftverk i Fyksesundet. Byggherre var Kvam Kraftverk.

Minikraftverk Sekkelva i Skåre, Fyksesund.

 

Skytebane Vangdalsåsen i Kvam.

Ny Skytebane i Vangdalsåsen, Kvam.

 

 

Utval av arbeid utført i 2014 :

Lingaparsellen i Kvammapakken. Byggherre var Statens vegvesen.

Arbeidet besto av bygging av ca 900 m med ny fylkesveg på Linga i Strandebarm. Arbeidet blei utført som totalentreprise.

 

Fyllingsdam og betongoverløp i Kvitingsvatn, Samnangervassdraget. Byggherre var BKK Produksjon.

Kontraktsarbeidet var på kr 26 millioner. I 2013 blei den nye dammen av betongkjerne og stein med plastring ferdig. Sesongen 2014 reiv GBS den gamle betongdammen frå 1930.

 

Grunn og betongarbeider utført på 3 bustadtomter på Aksnes i Kvam.

 

GBS utførte arbeid på prosjektet Nes-Skipadalen i Kvammapakken. Byggherre var Statens Vegvesen.

Kontrakta var på 35 millioner kr. Arbeidet som vart utført er utviding av Fv 7, ca 700 m, og bygging av 500 m ny kommunal veg parallelt med fylkesvegen. Det lagt nye ledningar for vatn og avløp på vegstrekninga. I kontrakta inngjekk også plastringsarbeid og natursteinsmuring på sjøfyllingane i Øystese som blei etablert med massar frå Børvenestunnelen.  Ferdigstillt 1.juli 2014. Arbeidet blei utført som totalentreprise.

 

Sjøfyllinga i Øystese:

 

 

Nye maskiner og utstyr :

Gravemaskiner:

Mai 2016 fekk GBS levert to nye Volvo EC220 E. Begge maskinene er utstyrt med GPS-anlegg. Ei av maskinene har to-delt bom og boretårn.