Nyheiter

SOLTORP – fleirehusvære i Norheimsund er under oppføring:

Prosjektert fleirshusvære med 11 husvære er no til sals:
Meir informasjon finn du hjå Bratt AS – Soltorp

SJOASKÅR – fleirhusvære i Øystese er under oppføring:

Prosjektert fleirshusvære med 17 husvære er no til sals:
Teikningar av bygget vart revidert i september 2017, og byget vart heva om lag 3 meter frå opprinneleg høgd.
Meir informasjon finn du hjå Bratt AS – Sjoaskår

 

TOREBØEN – bustadfelt i Øystese:

Nytt bustadfelt, Øystese:

GBS skal stå for grunnarbeidet ved utbygginga av eitt nytt bustadfelt i Øystese. Bustadfeltet inneheld 11 bustadstomter og fleire kjedehusprosjekt i varierande storleik. Oversikta over kva som er ledig av bustadtomter og kjedehus er oppdatert 23.okt 2017.
Meir informasjon finn du hjå Kvammabygg – Torebøen.

 

Sal av stein frå Haukeli:

Haukeli steinuttak, Øystese:

GBS ynskjer å opna for større sal av stein i frå vårt steinuttak i Øystese, Haukeli. Steinane i albumet er eksempel på kva me kan tilby, og me har fleire storleikar tilgjengeleg enn det som er avbilda. Djupna på steinane er frå 5 cm til 2,5 meter. Ta kontakt om du finn noko av interesse eller om me kan hjelpa deg finna steinen du ynskjer.

 

Utval av arbeid utført i 2017:

 

Rehabilitering av dam i Sogn og Fjordane. Byggherre var BKK.
GBS rehabilterte ein dam der det ikkje var tilkomstveg, og maskiner og utstyr måtte forflyttast med båt og flåte.

 

Kvammapakken, Skipadalen til Evighetssvingen. Byggherre er Statens vegvesen.

GBS utfører arbeid på Fv 7 mellom Norheimsund og Skipadalen. Det skal byggast ny gang og sykkelveg, samt avkøyrsler. Veglengde ca 1,4 km.

 

Utval av arbeid utført i 2016 :

Torpevegen, veg og VA-anlegg i Øystese. Byggherre er Kvam herad.

GBS utfører arbeid med utviding av Torpevegen, samt bygging av nye VA leidningar. Det blir bygd ny vassforsyning og avløp til Torpe. I tillegg blir den smale vegen utvida til vegbredde på 5 meter. Arbeidet skal vere ferdig utført juni 2016.

 

Nye barnehagebygg i Kvam. Byggherre er Kvam herad.
Det lokale arbeidsfelleskapet Fuglafjell, sett saman av GBS Entreprenør AS, H2 Byggteknikk AS, Kvammabygg AS og Kåre Neteland, utfører arbeid med bygging av 4 nye barnehagar i Kvam. Barnehagane blir bygd i Tørvikbygd, Øystese, Norheimsund og Strandebarm. GBS utfører grunn, betongarbeid og utomhusarbeider.  Arbeidet sikrar oss arbeid lokalt i ca 1 år.

 

Tverrgjuvlo Kraftverk i Evanger. Byggherre var BKK.
Me har utført grunn- og betongarbeid på Tvergjuvlo Kraftverk, Evanger. Vinteren 2016 monterte me røyrgate i tunell frå borhol til kraftsasjonen. Anlegget vart opna september 2016.

 

Utval av arbeid utført i 2015 :

Sekkelva minikraftverk i Fyksesundet. Byggherre var Kvam Kraftverk.

Minikraftverk Sekkelva i Skåre, Fyksesund.

 

Skytebane Vangdalsåsen i Kvam.

Ny Skytebane i Vangdalsåsen, Kvam.

 

 

Utval av arbeid utført i 2014 :

Lingaparsellen i Kvammapakken. Byggherre var Statens vegvesen.

Arbeidet besto av bygging av ca 900 m med ny fylkesveg på Linga i Strandebarm. Arbeidet blei utført som totalentreprise.

 

Fyllingsdam og betongoverløp i Kvitingsvatn, Samnangervassdraget. Byggherre var BKK Produksjon.

Kontraktsarbeidet var på kr 26 millioner. I 2013 blei den nye dammen av betongkjerne og stein med plastring ferdig. Sesongen 2014 reiv GBS den gamle betongdammen frå 1930.

 

Grunn og betongarbeider utført på 3 bustadtomter på Aksnes i Kvam.

 

GBS utførte arbeid på prosjektet Nes-Skipadalen i Kvammapakken. Byggherre var Statens Vegvesen.

Kontrakta var på 35 millioner kr. Arbeidet som vart utført er utviding av Fv 7, ca 700 m, og bygging av 500 m ny kommunal veg parallelt med fylkesvegen. Det lagt nye ledningar for vatn og avløp på vegstrekninga. I kontrakta inngjekk også plastringsarbeid og natursteinsmuring på sjøfyllingane i Øystese som blei etablert med massar frå Børvenestunnelen.  Ferdigstillt 1.juli 2014. Arbeidet blei utført som totalentreprise.

 

Sjøfyllinga i Øystese:

 

 

Nye maskiner og utstyr :

Gravemaskin:

Sommaren 2017 fekk me levert ny hjulmaskin med hengar, Volvo EWR 150E. Maskina er utstyrt med GPS-anlegg.

The most popular 2017 spy software applications for the mobile phones.