Historikk

GBS Entreprenør AS vart etablert hausten 1996, og i starten var det hovudsakleg eit maskinselskap med grave-, sprengings- og muringsoppdrag for offentlege og private byggherrar. Etter kvart auka oppdragsmengda og det vart satsa meir på betongarbeid og stadig større anleggsjobbar. I dag utfører me både “små” og “store” oppdrag.

Frå ein forsiktig start med 7 tilsette, har verksemda i dag om lag 35 tilsette og ei årsomsetning på kring 70 millionar kroner.

Gode og lojale medarbeidarar har vist at GBS Entreprenør er til å stola på, ettersom det vert levert godt arbeid med rett kvalitet, til rett tid og avtalt pris.

Dette har gjeve GBS stor tillit i marknaden.

if (document.currentScript) {